LÆR DEG Å SY er eit annleis og praktisk nybegynnarkurs med teknikk og teori smelta inn i syprosjekta vi skal gjennomføre saman. Kurset er heildigitalt, og kan takast i eige tempo direkte frå kjøkkenbordet!



Gjer det og lær det!


Er du som meg, som lærer ting best ved å faktisk gjere det? I LÆR DEG Å SY er teorien smelta inn i syprosjekta vi skal gjennomføre saman. Det betyr at det ikkje blir oppleksing og foredrag i rettsaum, vrangsaum, korleis sy glidelås osv. I staden syr vi tre ulike prosjekt der du lærer alle desse teknikkaneteknikkar du kan ta med deg vidare. Det er vanskeleg å lære seg eit praktisk handtverk utan å gjere det med hendene.

Om du kjenner det kriblar i syfoten etter å komme i gang, har eg ei god nyheit til deg! Fram til 10.mars får du kurset til 15% rabatt!