Sy ein julekalender!
- Eit veggteppe som pyntar opp heimen
Ønsker du deg ein personleg julekalender som ikkje berre rommar små gåver, men som også er eit eige lite kunstverk i seg sjølv? Då må du bli med på «Sy ein julekalender - eit veggteppe som pyntar opp heimen». I dette kurset lærer du korleis du kan sy ein unik pakkekalender som passar perfekt inn i din eigen heim. Med gjenbrukstekstilar og stoffrestar (eller dei matererialane du sjølv velger å bruke) syr vi saman eit nydeleg, finurlig og annleis veggteppe som både er miljøvennleg og tidlaust.
I dette kurset får du ei steg-for-steg-innføring i å sy ein annleis julekalender, slik at du, år etter år, kan finne fram denne personlege skatten som både du og familien vil gle dykk over.
Kurset kostar 555 kr, du kan melde deg på her! ✨
Hei, eg heiter Christine Schwarz!
Eg jobbar med støvete tekstilar og gamle klede, og min spesialitet er å forvandle dei "ubrukelege" tinga om til noko nytt med særpreg.
Eg har gitt ut to bøker om saum og redesign, og elskar å jobbe med gjenbruk i ulike former.
Ideen om å lage eit veggteppe som pakkekalender kom av at eg mangla julekalender til ungen min i fjor, og det ville eg gjere noko med. Eg har vakse opp med pakkekalender brodert av mormor, og no ønska eg å starte ein ny tradisjon for vår familie.
Har du spørsmål?
Sjå Q&A under, eller send meg ein DM på instagram:
@silkeogdynamitt
Lær undervegs
Eg viser deg alle ledd i prosessen, alt frå idèfase til brodering av franske knutar og applikering. Du har varig tilgang på kurset (så lenge kurset finst), og kan sjå videoane så mange gonger du vil!
Q & A
Eg har aldri sydd før, kan eg bli med likevel?
Det kan du absolutt! Kurset er ganske nybegynnarvennleg, men det vil ikkje vere noko teknisk symaskinhjelp i dette kurset, så du må kunne træ symaskina og sy vanleg rettsaum for å få glede av å delta. Eventuelt ha nokon i bakhand som kan hjelpe deg med det. :)
Må eg lage same bilde som deg, eller er det fritt fram for eige design?
Kurset legg opp til at du skal kunne lage akkurat det designet du sjølv ønsker deg.
Vil du lage julenisse på slede? Køyr på! Vil du lage HAY-inspirert pakkekalender med èin rosa strek og fire blå firkantar: you go girl! Eg viser alle teknikkane du treng, og kjem med forslag til materialer, resten er opp til deg!
Følger det med mønster?
Det følger ikkje med mønsterark i dette kurset. Litt av målet er at du skal lære deg å improvisere med tekstilar, og eg trur du kjem til å elske det.